juli 10, 2009

Tilpassa læring

Vi tek det som ei sjølvfølgje å tilpasse læringa til dei som har problem på skulen. Sjølv opplever eg at læringa til tider er lite tilpassa meg, men då i den andre retninga.

Eg veit eg har meir feil i norskstilane mine enn læraren min rettar. Eg har bedt han vere meir pirkete, f.eks. med kommafeil. Sjølv om eg skriv orda rett, kunne eg tenkt meg å forbetre meg på andre område, som å formulere meg betre. Han sa at grunnen til at han ikkje rettar på sånt, er at det ikkje skal telje på karakteren til ein niandeklasseelev. Jo, greit nok. Kunne han ikkje berre rette utan å la det telje på karakteren? Eg har berre så lyst til å utvikle meg! Det er så irriterande å forbli på om lag det same nivået gjennom eit heilt år. Det er kjedeleg. Og unødvendig.

Ja, også tenkte eg eg skulle leggje ut karakterarket mitt her.

RLE: 5 (puh, hater dette faget!)
Norsk Hovudmål Skriftleg: 6
Norsk Sidemål Skriftleg: 5
Norsk Munnleg: 5
Matematikk: 5
Engelsk Skriftleg: 6
Engelsk Munnleg: 5
Samfunnsfag: 5
Naturfag: 5
Kunst og Handverk: 5
Mat og Helse: 5
Musikk: 5
Tysk: 5
Kroppsøving: 4 (irriterande, men kan ikkje noko for at eg ikkje eig ballføling. Er i god form elles, though.)

Så eg er altså best i språk og då skriftleg. Ganske god i det andre også. Eg lurer på kva for karakterar eg kan få om eg verkeleg jobbar for dei. Niandeklasse har vore eit særs slapt år, tykkjer eg. Skal prøve å stå på meir i tiande.

juli 9, 2009

Waiting

Eg let akkurat fantasien sleppe laus her, og skreiv ein engelsk tekst eg vil kalle “waiting”. Spørsmålet er om eg tør leggje den ut her. Skriving er ikkje det eg er sterkast på. Personleg vekte teksten litt fantasien i meg. Det er eigentleg litt kjekt å berre setje seg ned og skrive. Tekstane blir kanskje ikkje så bra, men dei blir meir personlege, og tekne rett ut or hovudet mitt. Tankjevekkjande, og ikkje så planlagte. Berre ord skrivne ned etter kvart. Og så er det fin øving.

Waiting

She was like shadows in the dark. She existed, but wasn’t really there. She was like all the others. Still … still there was something different about her. She was always waiting for something. Something she didn’t know herself. Always listening. Listening at the waves. The wind. And always glancing at something behind her. And when she went to bed at night, she was still listening. And in her sleep he would hear her talking, always longing for something – or someone. Every night, she would end up crying. And he would never know what to do or say. She did not seem to notice him. She was like the smooth summer breeze. Warm, but distant. She did never stop, but always continued. Slowly, steadily. Calm. Continued searching, longing and waiting. Waiting for what?

Ja, eg veit det er dårleg. Og det er skrive på fem minutt. Men eg fekk så lyst til å blogge, og dette var det som fell meg inn!

juli 7, 2009

Ikkje blogginnlegg i dag

Eller, no vart det eit. Men ikkje eit med innhald. I alle fall ikkje interessant innhald. Men rett nok er ikkje så mykje i bloggen min særleg interessant frå før av, så forskjellen blir ikkje så stor.

Eg lovte i sist innlegg å leggje ut bilete frå helga. Dette er det ikkje sikkert eg orkar. Med jobb og seine kveldar ute med vener, spesielt Jonathan som har komme heilt frå England for å vere saman med oss(!), vert det vanskeleg å få tid til blogging. Det er fullt program frå eg står opp til eg legg meg i tolv-tida. I tillegg skal eg få tid til å jobbe også. Puh, sommarferien er meir slitsam enn skuletida!

Jeje, bloggast seinare!

juli 7, 2009

Interessante folk

Eg jobbar på café i ein butikk her i Geiranger, og her kjem det innom ein del forskjellege folk i løpet av sommaren. Nokre ser ut som om dei hatar meg, og i alle fall om dei får igjen norske kroner når dei betaler i euro!

Kundane skal alltid ha dei varme brøda, rundstykka, wienerbrøda osv., sjølv om det er fullt i hyllene. Vaflene skal helst vere ferdig med ein gong, og ein skal stå og stirre på meg og absolutt alt eg gjer mens eg lagar dei.

Har også opplevd nokre som skulle ta meg i handa og presentere seg sjølv før dei drog.

Her ein dag var det eg og ei som er like gammal som meg som var i cafeen, og då kjem det ein mann i femti-sekstiåra inn i butikken. Har har ei slags finsk-norsk dialekt. Han byrjar å fortelje om kor fint det er her i Geiranger, og at han alltid må tilbake til vestlandet, for her kan han samle “gode tankar”. Det var viktig at jenter samla slike “gode tankar”, for då fekk dei så fine auge! Og då vart gutane slik: *Legge hovudet bakover og stirre på meg store auge*.

Så byrja han å snakke om at vi måtte halde på jobbane våre, for elles kunne det kome andre og ta dei frå oss!

Når kollegaen min seier “Hade,” i det han går ut, snur han seg og seier: “Haha, nei dere blir ikke kvitt meg så lett!”, og så går han.

Lyser opp i kvardagen!

Forresten så kjem det bilete frå helga i løpet av morgondagen/seinare i dag. No skal eg leggje meg, og byrje på boka “Pudder? Pudder!” av Tor Åge Bringsværd.

juli 4, 2009

To dagar utan blogging!

Beklager folkens, men eg har hatt betre ting å gjere på enn å blogge! For det første vart eg ferdig med Deathly Hollows i går/i natt. Brukte vel elleve dagar denne gongen. Trur eg brukte tre den første. Eg er glad resten av familien enten hadde lagt seg, var på surfekurs eller var på fest når eg las dei triste kapitla i slutten av boka. Noko anna hadde vor pinleg, for tårene rann. At det går an å leve seg sånn inn i ei bok, det kan eg ikkje fatte.

Photobucket
Eg har fått prøvd ut klatreskor!

Photobucket
Mm, norske jordbær!

Eg har også vore og bada!
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

juli 1, 2009

Eg vil sjå film

Eg vil sjå film. Altså ikkje ein random film. Ikkje ein halvhjarta ungdomsfilm. Eg vil sjå kvalitetsfilm ala The Shawshank Redemption og The Darjeeling Limited.

Tips?

juni 30, 2009

Jobb

Baguett, baguett, baguett, vafle, kaffi, kaffi, kaffi, vafle og kaffi, vafle og kaffi, te, pizzabaguett, baguett, baguett, baguett, baguett, vafle, kaffi, kaffi, kaffi, vafle og kaffi, vafle og kaffi, te, pizzabaguett, baguett, baguett, baguett, brød, baguett, vafle, kaffi, kaffi, kaffi, vafle og kaffi, vafle og kaffi, te, vatn, pizzabaguett, baguett, is, baguett, baguett, baguett, vafle, kaffi, kaffi, kaffi, vafle og kaffi, vafle og kaffi, te, pizzabaguett, baguett, baguett, baguett, baguett, vafle, kaffi, kaffi, kaffi, vafle og kaffi, vafle og kaffi, te, pizzabaguett, baguett, baguett, baguett, baguett, vafle, kaffi, kaffi, kaffi, brus, vafle og kaffi, vafle og kaffi, te, pizzabaguett, baguett, baguett, baguett, baguett, vafle, kaffi, kaffi, kaffi, vafle og kaffi, vafle og kaffi, te, pizzabaguett, “Where’s the toilet?”, baguett, baguett, baguett, baguett, vafle, kaffi, kaffi, kaffi, vafle og kaffi, vafle og kaffi, te, pizzabaguett, baguett, baguett, baguett, baguett, vafle, kaffi, kaffi, kaffi, vafle og kaffi, vafle og kaffi, te, pizzabaguett, baguett, baguett.

Ah, deilig å ha fri i morgon.

juni 29, 2009

Ny header, du kan velje!

Eg vil gjerne ha ny header, men veit ikkje heilt kva for ein.

Eg har laga tre forslag, og så tenkte eg de kunne bestemme kva for ein eg skal bruke. No har eg ikkje så mange lesarar, men eg det er jo litt folk innom bloggen min i løpet av ein dag, så kvifor ikkje leggje igjen ein kommentar om kva for header du liker best?

Det er desse det står mellom:

1.

Sjå i full størrelse.

2.

Sjå i full størrelse.

3.

Sjå i full størrelse.

Please, legg igjen ein kommentar!

juni 29, 2009

Ditt albumcover

Har komme over denne morosame leiken fleire stader, og tykkjer det hadde vore moro å leggje den ut i bloggen!

Gjer slik:

1: Klikk her. Overskrifta på artikkelen som kjem opp skal vere bandet ditt.

2: Klikk her. Dei fire siste orda i det første utsagnet er namnet på albumet.

3: Klikk her. Det tredje biletet skal du bruke som albumcover.

4: Set det saman i photoshop, paint eller eit anna biletredigeringsprogram, og blogg om det! Legg igjen ein kommentar slik at eg får sjå albumet ditt, då.

Her er mitt:

juni 28, 2009

Lykkelege sommardagar


Som de ser har eg fått klatresko! Kan ikkje vente med å få prøve dei ut skikkeleg. Andre ting som høyrer til lykkelege sommardagar er sol, solbriller, markblomster, Harry Potter, markjordber og grønt gras. Ah.