november 14, 2008...10:20 pm

Nynorsk

Hopp ned til kommentarane

Nynorsk er faktisk vakkert! I staden for å skrive ein fornorska versjon av dansk (bokmål), skriv Nynorsk! Nynorsk er ei blanding av alle Noregs dialekter, hovudsakleg dei vestlanske.

Nynorsk har mange flotte ord og uttrykk. Her er nokre:

- Korkje
- Kjærleik
- Hugteken
- Von
- Løyndom
- Røynd
- Tykkje
- Attende
- Andlet
- Orsak

Og så mange, mange fleire, skølvsagt!

Problemet med Nynorsk er at det blir brukt alt for lite i media. Vi ser det rett og slett for lite i kvardagen vår! Er det eigentleg rart at dei som har Nynorsk som sidemål tykkjer det er vanskeleg? Dei ser det no aldri i kvardagen. Det verste er at når dei først møter det, så er det somme som klagar.
Tenk på nynorskbrukarane. Vi treff på Bokmål over alt.

Jaja, du får skrive som du vil, men tenk over det neste gong du (om du er bokmålbrukar) irriterar deg over nynorsk.

Og bruk for all del nettlesaren Opera. Opera er ein norsk. rask og fin nettlesar. Og finst ikkje minst både på Nynorsk og Bokmål!

6 kommentarar

  • Yez! Stå på hilde, supert at nokon står opp for det fantastiske skriftspråket vårt! Det som er heilt teit er at det er blitt eit eiget politisk parti som er i mot sidemål, og vil kun ha eit skriftspråk – bokmål. Uhørt seier eg …

    • Ja, jizes, ser ikkje heilt problemet eg. Eit eige parti, liksom?

      “Å nei, se, det er litt nynorsk der! Huffameg, la oss stifte et eget parti mot det!”. Då tykkjer eg alle bokmålbrukarar kan ta seg tid til å tenkje over all bokmålen me nynorskbrukarar møter kvar dag! Det er jo mykje meir naturleg for oss å skrive nynorsk, også skal me plutseleg ikkje få lov til det? Eg hadde jammen meg protestert ganske høglydt hadde eg plutseleg måtte byrje å skrive bokmål på skulen.

  • Kunne ikkje vore meir samd! Det verst er at han som skipa partiet kjem frå sunnmøre, svika regionen og hovudmålet sitt veit du …

    Eg trur det er på tida at nynorsk står meir opp for seg sjølv og kjempa! Eller at fleire blir med å kjempa rett og slett. Få skikklige nynorske skulebøker og meir nynorsk inn i media! (Det går ikkje om ein skal fjerne sidemålet .. ) Igjen eg seie at det er heilt uhørt!

  • 100% einig, Susanne!

  • veit du at “kjærleik” står i bokmålsordboka? “omgrep” òg. (eg skulle argumentera for at nynorske omgrep er betre enn bokmålsordet begrep ei gong, fordi det “grip om”, sant, men så var det diverre eit bokmålsord òg.) eg veit ikkje heilt kvar eg vil med dette, men…bokmålet tek alle dei fine orda våre! (men det kan eg jo heller ikkje seia, for nynorsken tek jo til seg bokmålsord nokså ofte òg. men då er det jo gjerne fordi dei vert mykje brukt i praksis. eg har til gode å sjå “kjærleik” nytta i ein bokmålstekst)

    • Du har nok rett, men for meg oser “kjærleik” av nynorsk, så eg ville ha det med. Har aldri sett det vore brukt i ein bokmålstekst nokon gong.

      Tusen takk for kammentar, det er svært koseleg!


Legg att eit svar