Her i Geiranger har vi noko vi kallar “nedafor”. Det vil seie sentrum av Geiranger, altså to gatekjøkken, to cafear, ein del suvenirbutikkar og ein veldig fin daglegvarebutikk.
Oppføringar frå juli 2009
juli 27, 2009
Skulen
Eg saknar den.
Ferie er fint, men skule er eigentleg ganske fint det også. I periodar. Men du blir lei av det også, etter kvart. Det fine med skule er at du får vere i lag med så mange av venane dine. Det triste er at neste år blir eg, Øyvind og Øyvind M dei eldste, [...]
juli 24, 2009
The Shawshank Redemption
Har du nokon gong sett den filmen? Om ikkje, sjå den!
Det er ein heilt ubeskriveleg vakker film. Min favorittfilm nummer 1.
juli 24, 2009
Ein draum
Eg drøymde i natt om at bloggen min hadde fått 51 besøkande.
Men nei.
Bilete:
Dette er eit sjølvportrett. Eg har ikkje så mykje å seie om det, anna enn at det er mykje eg gjerne skulle retta på det.
juli 16, 2009
Om å forstå ting
Eg forstår ting. Det er det eg gjer. Om eg ikkje forstår noko, gløymer eg det. Forstår eg det, hugsar eg det. I matte for eksempel. Eg simpelthen hatar det når læraren seier “Dette kan du ikkje forstå, dette må du berre pugge utanåt”. Då lærer eg det aldri! Slik som omvending av brøk, for [...]
juli 14, 2009
Meininga med livet
Finst det ei meining med livet? Nei. Ikkje ei stor, nøye planlagt meining som gjeld for alle på jorda. Kven skulle laga den meininga? Det går an å gi livet meining då, ved å gjere ting du bryr deg om og interesserer deg i. Når eg er ute og har det kjekt med venner, sit [...]
juli 11, 2009
Å nei!
Tomt for Solfrokost. Kva skal eg ete til frukost i morgon i staden for Solfrokost med youghurt på? Brødskiver er kjedelege.
juli 10, 2009
Tilpassa læring
Vi tek det som ei sjølvfølgje å tilpasse læringa til dei som har problem på skulen. Sjølv opplever eg at læringa til tider er lite tilpassa meg, men då i den andre retninga.
Eg veit eg har meir feil i norskstilane mine enn læraren min rettar. Eg har bedt han vere meir pirkete, f.eks. med kommafeil. [...]
juli 9, 2009
Waiting
Eg let akkurat fantasien sleppe laus her, og skreiv ein engelsk tekst eg vil kalle “waiting”. Spørsmålet er om eg tør leggje den ut her. Skriving er ikkje det eg er sterkast på. Personleg vekte teksten litt fantasien i meg. Det er eigentleg litt kjekt å berre setje seg ned og skrive. Tekstane blir kanskje [...]