Eg jobbar på café i ein butikk her i Geiranger, og her kjem det innom ein del forskjellege folk i løpet av sommaren. Nokre ser ut som om dei hatar meg, og i alle fall om dei får igjen norske kroner når dei betaler i euro!
Kundane skal alltid ha dei varme brøda, rundstykka, wienerbrøda osv., sjølv om det er fullt i hyllene. Vaflene skal helst vere ferdig med ein gong, og ein skal stå og stirre på meg og absolutt alt eg gjer mens eg lagar dei.
Har også opplevd nokre som skulle ta meg i handa og presentere seg sjølv før dei drog.
Her ein dag var det eg og ei som er like gammal som meg som var i cafeen, og då kjem det ein mann i femti-sekstiåra inn i butikken. Har har ei slags finsk-norsk dialekt. Han byrjar å fortelje om kor fint det er her i Geiranger, og at han alltid må tilbake til vestlandet, for her kan han samle “gode tankar”. Det var viktig at jenter samla slike “gode tankar”, for då fekk dei så fine auge! Og då vart gutane slik: *Legge hovudet bakover og stirre på meg store auge*.
Så byrja han å snakke om at vi måtte halde på jobbane våre, for elles kunne det kome andre og ta dei frå oss!
Når kollegaen min seier “Hade,” i det han går ut, snur han seg og seier: “Haha, nei dere blir ikke kvitt meg så lett!”, og så går han.
Lyser opp i kvardagen!
Forresten så kjem det bilete frå helga i løpet av morgondagen/seinare i dag. No skal eg leggje meg, og byrje på boka “Pudder? Pudder!” av Tor Åge Bringsværd.