juli 10, 2009...2:07 pm

Tilpassa læring

Hopp ned til kommentarane

Vi tek det som ei sjølvfølgje å tilpasse læringa til dei som har problem på skulen. Sjølv opplever eg at læringa til tider er lite tilpassa meg, men då i den andre retninga.

Eg veit eg har meir feil i norskstilane mine enn læraren min rettar. Eg har bedt han vere meir pirkete, f.eks. med kommafeil. Sjølv om eg skriv orda rett, kunne eg tenkt meg å forbetre meg på andre område, som å formulere meg betre. Han sa at grunnen til at han ikkje rettar på sånt, er at det ikkje skal telje på karakteren til ein niandeklasseelev. Jo, greit nok. Kunne han ikkje berre rette utan å la det telje på karakteren? Eg har berre så lyst til å utvikle meg! Det er så irriterande å forbli på om lag det same nivået gjennom eit heilt år. Det er kjedeleg. Og unødvendig.

Ja, også tenkte eg eg skulle leggje ut karakterarket mitt her.

RLE: 5 (puh, hater dette faget!)
Norsk Hovudmål Skriftleg: 6
Norsk Sidemål Skriftleg: 5
Norsk Munnleg: 5
Matematikk: 5
Engelsk Skriftleg: 6
Engelsk Munnleg: 5
Samfunnsfag: 5
Naturfag: 5
Kunst og Handverk: 5
Mat og Helse: 5
Musikk: 5
Tysk: 5
Kroppsøving: 4 (irriterande, men kan ikkje noko for at eg ikkje eig ballføling. Er i god form elles, though.)

Så eg er altså best i språk og då skriftleg. Ganske god i det andre også. Eg lurer på kva for karakterar eg kan få om eg verkeleg jobbar for dei. Niandeklasse har vore eit særs slapt år, tykkjer eg. Skal prøve å stå på meir i tiande.

8 kommentarar

  • Haha, nerd! XD

    Nedda. =P

    Du e skikkelig flink. ^.^
    E bare flink muntlig og skriftlig e. XD

    Klarte å lande en god karakter i RLE, e også.
    D e så sykt partisk heile faget.

    “Nå skal vi snakke om Kristendommen!”
    “Nå skal vi snakke mer om Kristendommen!”

    E blir så låk. -.-

    • Takk!

      Ja, RLE er veldig partisk slik det er no. Heile året har vi lært ein heil haug “unyttig” kristendom, og bittelitt etikk på slutten (skriv “unyttig” fordi ingen kunnskap er eigentleg unyttig, men andre ting kunne vore mykje nyttigare). Eg tykkjer at i tillegg til all “Gud er så flott blablabla”-en skulle vi hatt litt kritisk tenkjing til religion, overtru og liknande. Eg hatar å lære om ein haug bullshit når eg heller kunne lært f.eks. naturfag, eit fornuftig og sant fag, bygd på nettopp kritisk tenkjing og ikkje minst fakta.

  • Sjøl så syns e at Humanismen e – Ikke akkuratt bedre, men – mye lettere innstilt overfor andre livssyn og religiona.

    I Humanisme lære man å ta vare på hverandre, og å vise omsorg, mens i Kristendom skal man lære se å adlyde.

    “Du skal ikke det, du skal det…”

    “Du skal elske din neste (Untatt hvis de er homofile, bla bla bla)…

    E e kjempeglad e tok Humanistisk konfirmasjon. =D

    • Ja, eg er også veldig glad for valet eg tok mtp. konfirmasjonen.

      Sjølv vil eg ikkje identifisere meg med verken humanisme eller kristendom – eller ein anna religion for den del. Eg reknar meg fyrst og fremst som ein ateist, ganske nøytral, men noko religionskritisk, då spesielt mot hjernevasking i skule og barndom.

      Vart me medlem i Human-Etisk Forbund når me konfirmerte oss?

  • Tror ikke det. E tror vi må være 15 først, og så kan vi melde oss på.

    Men, e vet no ikke d heile bombesikkert da. =O

  • de vart ikkje medlem. konfirmasjonsopplegget deira er ikkje ei innmelding i HEF, det er berre tilfeldigvis dei som har det tilbodet. innmelding må ein gjera sjølv, anar ikkje om det finst noko aldersgrense.

    eg er også humanistisk konfirmert, men ikkje medlem i HEF. eg er kritisk til nesten alt som finst av religionar og livssyn – tykkjer det berre lagar til rot og usemje i verda.


Legg att eit svar