Gloser. Eg er så glad i å øve gloser! Eller, tyskgloser er eit herk, men engelskgloser! Eg koser meg rett og slett med engelskglosene eg! Kanskje fordi eg kan mesteparten frå før, kanskje er det takka vere det geniale programmet “gloser97″ eller kanskje eg rett og slett likar “to expand my vocabulary”, som engelsklæraren min [...]
Oppføringar frå august 2009
august 28, 2009
Patchellhytta og Slogen
I går kom eg heim frå ein super fjelltur med klassa. På onsdag gjekk me til Patchellhytta (brukte litt over to timar dit, altså ein mykje kortare tur enn eg er van med). Kjempekosleg hytte, dog eindel mindre enn f.eks. Danskehytta og Veltdalshytta. Kanskje på storleik med Pyttbua.
Dei fine fjellskorne mine. Ikkje eit gnagsår, nokon [...]
august 25, 2009
Goklassa
Det er dette som er goklassa!
Her på Veltdalshytta, klar for å gå vidare til Pyttbua. Kos!
august 24, 2009
100 kommentarar
No har eg fått til saman 100 kommentarar på bloggen min. Eg veit det ikkje er spesielt imponerande, men eg tykkjer det er flott eg! For meg er 100 kommentarar ganske mykje faktisk. Eg har jo ikkje så mange lesarar at det gjer noko.
Så tusen takk til alle blogglesarane mine! Tusen takk for at de [...]
august 23, 2009
VGS
Oi, til våren skal eg søkje til videregåande! Kvar er åra blitt av? Ikkje at eg ikkje er klar til å flytte, langt ifrå. Eg kunne gjerne flytta ut i haust eg, men eg har nok eit år igjen i Geiranger.
Eg er veldig spent på kvar eg endar opp neste år. Eller, eg er vel [...]
august 23, 2009
Forresten
… så er gitaren min lækker! Like fin i natur som i svart. Eg er blitt kjempeglad i den allereie, og ikkje minst ganske sår på fingertuppane.
Ha ein fin kveld alle de fine, kule, snille blogglesarar!
august 20, 2009
Første skuledag
Ja, då vart den første skuledagen omme, og tiandeklasse er offisielt starta. Vi har fått nytt klasserom, noko som både er positivt og negativt. Negativt fordi vi 1. hadde eit svært godt forhold til det gamle klasserommet vårt, som for øvrig alltid har vore ungdomskuleklasserommet, 2. fordi 5-7 no har stereoanlegget vårt! Faen! Det er [...]
august 18, 2009
FAEN
Dei hadde plutseleg ikkje gitaren min i svart! Då blir det natur i staden. Like god gitar, men så absolutt ikkje like kul. Men natur har no si sjarm då, det må eg innrømme. Kanskje er det positivt? Den såg no fin ut slik også.