Oppføringar frå september 2009

september 29, 2009

Jaaaa!

6- på norskstilen. Herleg!
Tykkjer naturfagprøva i dag gjekk ganske bra også.
Så no er eg ganske happy. Hadde tenkt å skrive litt stil no, men kjenner at det orkar eg ikkje. Utsetter det til i kveld tenkjer eg … Det er jo det eg er best til. Utsetting altså.

september 28, 2009

Snart Roma, rydding av rom og prøvelesing

Kunsten å rydde eit rom.
1. Aldri, under nokon omstendigheiter, tenk “Det blir jo like rotete igjen med ein gong”. Det er sant, men det er ikkje motiverande. Hold deg unna slike tankar!
2. Ta gjerne med deg PC, og sett på musikk. Det vil ta lengre tid, men du vil føle deg mykje meir motivert og [...]

september 26, 2009

Blogging

Ein blogg er jo mest som ei dagbok. Dei fleste bloggar er ganske personlege, og ved å lese ein blogg kan du på mange måtar finne ut kva slags person bloggaren er. Sjølv tykkjer eg Tullprat gjenspeglar meg ganske bra. No er ikkje bloggen min spesielt personleg på den måten at eg legg ut om [...]

september 26, 2009

Ny header

Veit ikkje kor lenge han blir der … Kva tykkjer de?

september 21, 2009

Polenturen!

Har fått programmet for Polenturen. 23.04.2010 reiser me altså frå Oslo, og skal innom Krakow, Auschwitz/Birkenau, marknadsplassen og saltgruvene i Krakow, Praha (Byen, Hradcany og St. Vitus-katedralen).
På bursdagen min den 29. april skal me til Lidice og Theresienstadt, deretter reiser me til Berlin!
Så har me neste dag til eigen disposisjon i Berlin. Mogleg museum [...]

september 21, 2009

“Outfit of the day” og nabbismykke!

Min nye hobby (som om eg ikkje har nok å gjere frå før) er Nabbi! Tykkjer nabbismykke er veldig kult, og tenkte eg kunne vise dykk kva eg har laga hittil!
The White Stripes!

Pikachu!

Dagens antrekk.

Topp og cardigan: H&M
Hårband: Indiska
Tights: Cubus
Smykke: Det kjære, heimelaga TWS-smykket mitt!

september 18, 2009

Trondheim

Sikkert lite interessant innlegg, men tenkte eg skulle skrive litt om kva eg har gjort på hittil i Trondheim.
I går starta me rundt klokka fire, og me var framme i halv-ti-tida. Grei nok biltur. Sjølvsagt kjedeleg, men det går greitt med Jack White og ymse andre geniale musikarar.
Framme i Njords Veg slappa me av, fekk [...]

september 15, 2009

Stil – tilbakemeldingar?

Det er ikkje nokon som kunne tenkje seg å gi litt tilbakemeldingar på stilen min, vel? Tema er kjærleik.
Du er vel ikkje redd?
“Du er vel ikkje redd?”
Han såg på henne med eit undrande blikk. To store, våte auge stira intenst tilbake.
“Nei.”
Det mørke håret hennar [...]

september 15, 2009

Icy Tower

Eg er hekta. Har du nokon gong spelt Icy Tower? Om ikkje, kan du laste det ned her.
Eg spelte det mykje når eg var rundt åtte. Eg var god også. No er eg ikkje så god. Men så er det jo slik at eg er dårleg i absolutt alt av spel bortsett frå singstar.
Greia [...]

september 13, 2009

HDR

Eg har nyleg prøvd meg på HDR – og det er ikkje berre lett. Kunsten å ikkje overdrive, men bruke verktøyet som nettopp eit verktøy, og ikkje ein effekt. Det er ikkje fint å overdrive HDR, men det er vanskeleg å la vere.