september 18, 2009...7:06 pm

Trondheim

Hopp ned til kommentarane

Sikkert lite interessant innlegg, men tenkte eg skulle skrive litt om kva eg har gjort på hittil i Trondheim.

I går starta me rundt klokka fire, og me var framme i halv-ti-tida. Grei nok biltur. Sjølvsagt kjedeleg, men det går greitt med Jack White og ymse andre geniale musikarar.

Framme i Njords Veg slappa me av, fekk i oss litt mat og eg pusla litt med nabbi (har laga eit peace-merke og ein Pikachu). Dei skal blir kjempekule smykke! Skal legge ut bilete seinare.

I dag stod eg opp i ti-tida. Helst skulle det vore tidlegare, syns mamma, men då sa eg berre “Ka e vitsen me å ha fri frå skulen når e må stå opp klokka ni!?”. Då let ho berre att døra. Etter ein dusj og ein kjapp frukost (ein liten yoghurt. Har aldri vore flink i å finne mettande mat), drog vi til Ikea ein tur. Der kjøpte eg meg nabbiperler og -brett, og mamma og pappa kjøpte nokre småting.
Så drog me inn i byen, der eg fekk shoppa eindel. H&M, Cubus, BikBok osv. er genialt! Kjøpte meg mykje fint, og mamma spanderte eindel på meg også. Det var lenge sidan sist. Me var også på Indiska ein tur, også kjøpte eg meg litt forskjelleg på Accessorize.
Eg kan leggje ut bilete enten i morgon eller når eg kjem heim til Geiranger.

I morgon har eg og Martin tenkt oss på Fretex (om han ikkje må vere på dugnad alt for lenge), også skal me vel på kino ein tur. Må vel gå oss ein liten tur også, og elles berre tilbringe så mykje som mogleg tid med brørne mine. Veit aldri kor lenge det er til eg ser dei neste gong, dessverre.

2 kommentarar

  • Jasså, er du i Trondheim! Hvis du har litt tid å slå ihjel kunne vi jo godt møttes – sånn bortsett fra at jeg skal jobbe litt i helga da, hm.

    • Ja, ein gong må me få til det! Synd at me alltid er i Trondheim så kort tid om gongen, berre. Reiser heim på søndag allereie.

      Men ein gong eg skal vere her litt lengre skal eg gi beskjed! Då har eg ikkje så tett skjema. Hadde i alle fall vore veldig kjekt å møttes ein eller annan gong! :)


Legg att eit svar