september 28, 2009...8:31 pm

Snart Roma, rydding av rom og prøvelesing

Hopp ned til kommentarane

Kunsten å rydde eit rom.

1. Aldri, under nokon omstendigheiter, tenk “Det blir jo like rotete igjen med ein gong”. Det er sant, men det er ikkje motiverande. Hold deg unna slike tankar!
2. Ta gjerne med deg PC, og sett på musikk. Det vil ta lengre tid, men du vil føle deg mykje meir motivert og du vil oppleve ryddinga som ei meir positiv oppleving
3. Byrje med å sortere ut kleda på golvet du vil ha vaska. Desse tek du ut av rommet, og så byrjar du å sortere, leggje saman og leggje på plass kleda. Tenk smart og legg det du bruker mest øvst. På den måten vil det ikkje blir rotete att i kommoden så fort!
4. Støvsug. Viktig.
5. Bytt sengetrekk. Det er nemleg noko av det deiligaste som finst – å leggje seg i eit nytt sengetrekk, i ei mjuk seng, på eit ryddig rom.
6. Avslutt med å tenke “Dette var då ikkje så ille!” og beundre resultatet ditt. Dette gjer gjentaking meir sannsynleg.

Jah, mi oppskrift på ei vellykka romrydding.

I dag har eg brukt mesteparten av fritida mi på å øve til prøve. Naturfagprøve. Ikkje mitt sterkaste fag. Rett og slett fordi nokre av emna er dørgande kjedelege, andre er kjempeinteressante. I år har me åttandeklassepensum. Great. Har i alle fall om universet og jorda. Det vil eg karakterisere som ganske kjedeleg. Men det går greit. Er i alle fall ikkje om fordøying!

På torsdag køyrer me til Gardermoen, og på denne tida om fire dagar er eg i Roma! Gler meg noko sinnsjukt! Det skal bli herleg å komme seg vekk litt. Kamera skal bli hyppig brukt, det er i alle fall heilt sikkert!


Hit skal me i alle fall. Og fleire andre fine plassar og bygningar.

4 kommentarar

  • den delen av punkt 3 som går ut på å faktisk fjerna dei skitne kleda, skal verkeleg ikkje undervurderast!

    eg hadde muntlegeksamen i naturfag i 10. klasse. om fordøying. det var ikkje kjekt, og ikkje gjekk det særskilt bra heller :-/

    lukke til på prøva!

    • Ja det er faktisk ein særs viktig del av ryddinga!

      Huff, ja eg har som regel 5 – 6 på naturfagprøver. Men fordøying er rett og slett utruleg kjedeleg! Derfor fekk eg ein firar. Ikkje heilt fornøgd men det får heller vere, for eg hatar verkeleg fordøying-delen av naturfag.

      Tusen takk!

  • Jeg følger samme rydde rommet-oppskrift selv, og jeg blir like overrasket hver gang over hvor effektivt det er, også blir jeg like sur på meg selv hver gang fordi jeg har utsatt noe så lett så lenge, også tar det alltid like lang tid før jeg rydder rommet mitt neste gang. Sukk.

    Lykke til på prøven, og kooos deg i Roma! Ciao, arrivederci, come stai, molto bene, grazie, allora, vorrei una brioche, mi dispiace, scusi, quant’é?, eccolo!, cazzo!, che ore sono også videre. :P

    • Ja, sånn tenkjer eg òg. “Dette var no ikkje så ille!”, også neste gong utsett eg det like lenge likevel. Eg er ekspert på å utsette ting!

      Tusen takk :) Kose meg i Roma skal eg heilt sikkert få til!


Legg att eit svar