Oppføringar frå oktober 2009

oktober 30, 2009

Eg er kjendis

For om du kjem i avisa er du kjendis, right?
Huff, nei eg trur ikkje eg kunne tenkje meg å vere kjendis, eigentleg. Det må vere utruleg travelt.
Men eg var i avisa idag då. I Storfjordsnytt (wow, fantastisk!). Det plar alltid vere slike stygge bilete av meg når eg er i avisa, men denne gongen [...]

oktober 26, 2009

Hmm

Eg hadde tenkt å leggje ut ein film eller to frå abbakonserten i helga, men eg og YouTube har aldri vore så veldig gode vener. Skal sjå kva eg får til.

oktober 21, 2009

Vekeplanen i hovudet mitt

Ser du for deg veka på ein spesiell måte? Året, kanskje? Eller klokka?
Slik er veka mi i hovudet mitt.

Ikkje heilt som di, kanskje? Er det ikkje rart korleis slike ting er så forskjelleg frå person til person? Eg undrar på om det seier noko om personen. Personlegheit og måte å tenkje på kanskje. Interessant.

oktober 16, 2009

Aksjonsveka

I går var klassa på Stranda, på aksjonsveka mot narkotika. Det var veldig kjekt. Mini var programleder/foredragshaldar, ein fyr frå robinsonekspedisjonen var foredragshaldar, og Eddi Eidsvåg var foredragshaldar/komiker. Utruleg morsomt! Også kult at Mini var der da.
Overnatta med Inga, som bur der ute, frå onsdag til torsdag. Det var veldig koseleg, til trass for konstant [...]

oktober 12, 2009

Song for fylkestinget

I dag song eg, Tone og Hanne-Siri for fylkestinget. Det var veldig kjekt, og gjekk ganske bra også. Sang Fragile, Angel, Harsh Mistress og Lean on me.

Harsh Mistress er ein nydeleg song.

oktober 12, 2009

Hilde si utfordring til seg sjølv!

Hilde, no skal du velje ut ein song – berre ein – ifrå kvart av dei seks albuma til The White Stripes. Ja, det blir ei utfordring, eg veit det.
Okay, here it comes! Blir utruleg vanskeleg å velje ut ein song. Alle er jo bra!
Det første albumet, kalla The White Stripes:

Screwdriver
Kvifor: [...]

oktober 9, 2009

The Riftwar Saga

Eg har byrja på The Riftwar Saga. Har lese 3/4 av den første boka, Magician, og elskar den. Les på engelsk. Litt fordi me på skulen må lese så og så mange engelske bøker i løpet av eit år, men mest fordi eg rett og slett likar å lese engelsk. Eg tenkjer ikkje over det [...]

oktober 9, 2009

Snø

Snø. Likar eg eigentleg snø? Veit ikkje. Eller jau, eg likar snø. Ikkje dei slapsete, våte 10cm med snø, men dei 50 centimetra med kald, tørr puddersnø. Den typen du kan gå i utan å bli altfor våt. Det ser så fint ut, det luktar så reint og det er så fint å gå tur [...]

oktober 2, 2009

Liten rapport frå Roma.

Me har det supert! Litt vanskeleg med transport, då. Bussar som aldri kjem osv, men elles er det kjempefint! Me er berre ikkje spesielt vande med storbylivet. Kom i ett-tida idag, og har vore og sett på Trevi-fontena og Spansketrappa. Nydeleg by, og dei fleste folka er hyggjelege og greie.

Her er eit bilete eg [...]