oktober 30, 2009...6:47 pm

Eg er kjendis

Hopp ned til kommentarane

For om du kjem i avisa er du kjendis, right?

Huff, nei eg trur ikkje eg kunne tenkje meg å vere kjendis, eigentleg. Det må vere utruleg travelt.

Men eg var i avisa idag då. I Storfjordsnytt (wow, fantastisk!). Det plar alltid vere slike stygge bilete av meg når eg er i avisa, men denne gongen var det faktisk ganske fint. Så det er eg fornøgd med. Alltid litt stas å kome i avisa då.

Eg driv forresten og skriv ein sjølvbiografi. Det er ei skuleoppgåve. Eg kan sitere den eldste broren min:
“Ekje du litt ung til å skrive sjølvbiografi?”
Jo, det føler eg også. Dette kjem til å bli ein dørgande kjedeleg stil. Ja, forresten så skreiv han dette også:
“… og det e best du stille me i et meget heldig lys.. ellers blir det tyn å få når e kjem heim :-|
HAH, tru det du Martin! Uansett kor godt lysanlegg eg har kjem det til å sjå ganske stygt ut dessverre. Det einaste Martin har gjort for meg i oppveksten var å ete opp laurdagsgodtet mitt. Det kamuflerer han no som at han tok vare på kosthaldet mitt.
Den yngste broren min lærte meg i alle fall å spele GTA San Andreas i ein alder av ti år.
Martin seier han “lærte de om livets harde realiteta ved å gi de skikkelig juling av og til. håpe du sett pris på det”.

Å skrive sjølvbiografi er litt kjendisaktig, er det ikkje?

Legg att eit svar