Innlegg merka som ‘Merkelege meg’

november 12, 2009

Her kommer vinter’n

Eg håper nrk byrjar å spele den snart. Ingenting får meg i betre stemning enn når nrk speler den songen.
Det er noko spesielt med vinteren. Når eg tenker på vinter ser eg først for meg plassen vinter har i kalenderen i hovudet mitt (skal leggje ut illustrasjon seinare),  deretter tenkjer eg snø, jul, kakao og [...]

oktober 30, 2009

Eg er kjendis

For om du kjem i avisa er du kjendis, right?
Huff, nei eg trur ikkje eg kunne tenkje meg å vere kjendis, eigentleg. Det må vere utruleg travelt.
Men eg var i avisa idag då. I Storfjordsnytt (wow, fantastisk!). Det plar alltid vere slike stygge bilete av meg når eg er i avisa, men denne gongen [...]

oktober 21, 2009

Vekeplanen i hovudet mitt

Ser du for deg veka på ein spesiell måte? Året, kanskje? Eller klokka?
Slik er veka mi i hovudet mitt.

Ikkje heilt som di, kanskje? Er det ikkje rart korleis slike ting er så forskjelleg frå person til person? Eg undrar på om det seier noko om personen. Personlegheit og måte å tenkje på kanskje. Interessant.

september 26, 2009

Blogging

Ein blogg er jo mest som ei dagbok. Dei fleste bloggar er ganske personlege, og ved å lese ein blogg kan du på mange måtar finne ut kva slags person bloggaren er. Sjølv tykkjer eg Tullprat gjenspeglar meg ganske bra. No er ikkje bloggen min spesielt personleg på den måten at eg legg ut om [...]

september 21, 2009

“Outfit of the day” og nabbismykke!

Min nye hobby (som om eg ikkje har nok å gjere frå før) er Nabbi! Tykkjer nabbismykke er veldig kult, og tenkte eg kunne vise dykk kva eg har laga hittil!
The White Stripes!

Pikachu!

Dagens antrekk.

Topp og cardigan: H&M
Hårband: Indiska
Tights: Cubus
Smykke: Det kjære, heimelaga TWS-smykket mitt!

september 15, 2009

Icy Tower

Eg er hekta. Har du nokon gong spelt Icy Tower? Om ikkje, kan du laste det ned her.
Eg spelte det mykje når eg var rundt åtte. Eg var god også. No er eg ikkje så god. Men så er det jo slik at eg er dårleg i absolutt alt av spel bortsett frå singstar.
Greia [...]

september 11, 2009

Heildagsskule

Heildagsskule er eit heilt genialt opplegg vi har på skulen min. Det går ut på at me ikkje har lekser (bortsett frå friskriving og prøvelesing), og går på skule til 15.30 tre dagar i veka, 15.00 ein dag og 14.00 ein dag i veka.  For meg fungerer dette veldig bra. Planen vår varer i to [...]

september 9, 2009

Kva er eg best på?

Tok med meg heim alle prøvene frå 9. klasse heim i dag. Tenkte eg skulle sjå kva eg er best på. Innan stilar skriv eg også ned sjanger, så ser eg kva eg er best på innan det også.
Norsk:
Særarbeid (om fotografi): 6
Tentamen, vår, sidemål (Antinazistiske hakekors, 1. kap i krimroman): 6/5
Tentamen, vår, hovudmål (Snøfnugg, novelle): [...]

september 4, 2009

20 funny facts about Hilde

Hanne utfordra meg til å skrive 20 morsomme/rare fakta eller rett og slett ting du ikkje visste om meg. So here it comes.
1. Eg elsker Hanne Gjørvad Bjørkedal (gjett kven som beordra meg til å skrive den … )
2. Eg hatar å lære korleis eg gjer ting via lesing. Alt om kameraet mitt, PC-en, photoshop [...]

september 1, 2009

Litt forskjelleg

Tenkte berre eg skulle skrive litt om kva som foregår for tida.
Vel, det foregår vel ikkje så veldig mykje. Skal ha small talk i engelsk på torsdag. Tenkte å skrive om Facebook, av alle ting. Det er faktisk litt å skrive om og reflektere rundt facebook. Opphavet, tanken bak, utviklinga, moral, opphavsrett og privatliv. Sjølv [...]