Innlegg merka som ‘Skule’

september 29, 2009

Jaaaa!

6- på norskstilen. Herleg!
Tykkjer naturfagprøva i dag gjekk ganske bra også.
Så no er eg ganske happy. Hadde tenkt å skrive litt stil no, men kjenner at det orkar eg ikkje. Utsetter det til i kveld tenkjer eg … Det er jo det eg er best til. Utsetting altså.

september 11, 2009

Heildagsskule

Heildagsskule er eit heilt genialt opplegg vi har på skulen min. Det går ut på at me ikkje har lekser (bortsett frå friskriving og prøvelesing), og går på skule til 15.30 tre dagar i veka, 15.00 ein dag og 14.00 ein dag i veka.  For meg fungerer dette veldig bra. Planen vår varer i to [...]

september 9, 2009

Kva er eg best på?

Tok med meg heim alle prøvene frå 9. klasse heim i dag. Tenkte eg skulle sjå kva eg er best på. Innan stilar skriv eg også ned sjanger, så ser eg kva eg er best på innan det også.
Norsk:
Særarbeid (om fotografi): 6
Tentamen, vår, sidemål (Antinazistiske hakekors, 1. kap i krimroman): 6/5
Tentamen, vår, hovudmål (Snøfnugg, novelle): [...]

september 1, 2009

Litt forskjelleg

Tenkte berre eg skulle skrive litt om kva som foregår for tida.
Vel, det foregår vel ikkje så veldig mykje. Skal ha small talk i engelsk på torsdag. Tenkte å skrive om Facebook, av alle ting. Det er faktisk litt å skrive om og reflektere rundt facebook. Opphavet, tanken bak, utviklinga, moral, opphavsrett og privatliv. Sjølv [...]

august 30, 2009

Gloser

Gloser. Eg er så glad i å øve gloser! Eller, tyskgloser er eit herk, men engelskgloser! Eg koser meg rett og slett med engelskglosene eg! Kanskje fordi eg kan mesteparten frå før, kanskje er det takka vere det geniale programmet “gloser97″ eller kanskje eg rett og slett likar “to expand my vocabulary”, som engelsklæraren min [...]

juli 10, 2009

Tilpassa læring

Vi tek det som ei sjølvfølgje å tilpasse læringa til dei som har problem på skulen. Sjølv opplever eg at læringa til tider er lite tilpassa meg, men då i den andre retninga.
Eg veit eg har meir feil i norskstilane mine enn læraren min rettar. Eg har bedt han vere meir pirkete, f.eks. med kommafeil. [...]

juni 27, 2009

Bilete av Jesus i gangen på skulen

Det bør ikkje vere lov. Kva gjer Jesus på ein skulevegg? Absolutt ingenting. Ingenting! Eg vurderer sterkt å i løpet av neste skuleår rett og slett klage. Favorisering av ein einskild religion har ikkje noko å gjere på ein skule. Som om ikkje skulen hjernevasker små born nok frå før! Ærleg talt, eg trudde vi [...]