oktober 9, 2009

The Riftwar Saga

Eg har byrja på The Riftwar Saga. Har lese 3/4 av den første boka, Magician, og elskar den. Les på engelsk. Litt fordi me på skulen må lese så og så mange engelske bøker i løpet av eit år, men mest fordi eg rett og slett likar å lese engelsk. Eg tenkjer ikkje over det når eg les. På flyet i går når eg sat og las, tenkte eg plutseleg “Hey, den er jo på Engelsk”. Når eg les ei god bok blir eg heilt oppslukt, og legg ikkje merkje til at eg faktisk les – det er meir som om eg er med i historia sjølv. Dette klarer Raymond E. Feist godt tykkjer eg. Kanskje litt forutsigbar til tider, men det er ofte dei bøkene eg liker.

oktober 9, 2009

Snø

Snø. Likar eg eigentleg snø? Veit ikkje. Eller jau, eg likar snø. Ikkje dei slapsete, våte 10cm med snø, men dei 50 centimetra med kald, tørr puddersnø. Den typen du kan gå i utan å bli altfor våt. Det ser så fint ut, det luktar så reint og det er så fint å gå tur langs vegane når det snør. Aah.

oktober 2, 2009

Liten rapport frå Roma.

Me har det supert! Litt vanskeleg med transport, då. Bussar som aldri kjem osv, men elles er det kjempefint! Me er berre ikkje spesielt vande med storbylivet. Kom i ett-tida idag, og har vore og sett på Trevi-fontena og Spansketrappa. Nydeleg by, og dei fleste folka er hyggjelege og greie.


Her er eit bilete eg tok av Trevifontena.

september 29, 2009

Jaaaa!

6- på norskstilen. Herleg!

Tykkjer naturfagprøva i dag gjekk ganske bra også.

Så no er eg ganske happy. Hadde tenkt å skrive litt stil no, men kjenner at det orkar eg ikkje. Utsetter det til i kveld tenkjer eg … Det er jo det eg er best til. Utsetting altså.

september 28, 2009

Snart Roma, rydding av rom og prøvelesing

Kunsten å rydde eit rom.

1. Aldri, under nokon omstendigheiter, tenk “Det blir jo like rotete igjen med ein gong”. Det er sant, men det er ikkje motiverande. Hold deg unna slike tankar!
2. Ta gjerne med deg PC, og sett på musikk. Det vil ta lengre tid, men du vil føle deg mykje meir motivert og du vil oppleve ryddinga som ei meir positiv oppleving
3. Byrje med å sortere ut kleda på golvet du vil ha vaska. Desse tek du ut av rommet, og så byrjar du å sortere, leggje saman og leggje på plass kleda. Tenk smart og legg det du bruker mest øvst. På den måten vil det ikkje blir rotete att i kommoden så fort!
4. Støvsug. Viktig.
5. Bytt sengetrekk. Det er nemleg noko av det deiligaste som finst – å leggje seg i eit nytt sengetrekk, i ei mjuk seng, på eit ryddig rom.
6. Avslutt med å tenke “Dette var då ikkje så ille!” og beundre resultatet ditt. Dette gjer gjentaking meir sannsynleg.

Jah, mi oppskrift på ei vellykka romrydding.

I dag har eg brukt mesteparten av fritida mi på å øve til prøve. Naturfagprøve. Ikkje mitt sterkaste fag. Rett og slett fordi nokre av emna er dørgande kjedelege, andre er kjempeinteressante. I år har me åttandeklassepensum. Great. Har i alle fall om universet og jorda. Det vil eg karakterisere som ganske kjedeleg. Men det går greit. Er i alle fall ikkje om fordøying!

På torsdag køyrer me til Gardermoen, og på denne tida om fire dagar er eg i Roma! Gler meg noko sinnsjukt! Det skal bli herleg å komme seg vekk litt. Kamera skal bli hyppig brukt, det er i alle fall heilt sikkert!


Hit skal me i alle fall. Og fleire andre fine plassar og bygningar.

september 26, 2009

Blogging

Ein blogg er jo mest som ei dagbok. Dei fleste bloggar er ganske personlege, og ved å lese ein blogg kan du på mange måtar finne ut kva slags person bloggaren er. Sjølv tykkjer eg Tullprat gjenspeglar meg ganske bra. No er ikkje bloggen min spesielt personleg på den måten at eg legg ut om livet mitt, dei inste tankane mine (dei vil eg gjerne ha for meg sjølv, og heilt for meg sjølv) osv., men eg skriv jo om det som interesserer meg, det som kjem opp i hovudet mitt og meiningane mine om forskjellege ting. På ein måte er Tullprat eit innblikk i hovudet mitt. At nokon kan tykkje dette er interessant er for meg eit mysterium, men tusen takk likevel!

Dei fleste har jo blogg for tida, og det skal mykje til å stikke seg ut. Eg lurer ofte på kva dei få lesarane mine set pris på ved bloggen min. Kvifor dei kjem igjen gong etter gong? Sjølv er eg altfor dårleg til å kommentere og vise at eg set pris på bloggane til folk. Eg tenkte eg snart skulle skrive om bloggane eg les og kvifor, for å ære mine kjære med-bloggarar.

september 26, 2009

Ny header

Veit ikkje kor lenge han blir der … Kva tykkjer de?

september 21, 2009

Polenturen!

Har fått programmet for Polenturen. 23.04.2010 reiser me altså frå Oslo, og skal innom Krakow, Auschwitz/Birkenau, marknadsplassen og saltgruvene i Krakow, Praha (Byen, Hradcany og St. Vitus-katedralen).

På bursdagen min den 29. april skal me til Lidice og Theresienstadt, deretter reiser me til Berlin!

Så har me neste dag til eigen disposisjon i Berlin. Mogleg museum eller noko slikt. 1. mai skal me til Sachsenhausen, leirmuseum i Ravensbrück. Avreise med ferge frå Tyskland eller Polen. 2. mai er me framme i Sverige og så er det heim til Noreg igjen.

Eg gler meg!

september 21, 2009

“Outfit of the day” og nabbismykke!

Min nye hobby (som om eg ikkje har nok å gjere frå før) er Nabbi! Tykkjer nabbismykke er veldig kult, og tenkte eg kunne vise dykk kva eg har laga hittil!

The White Stripes!

Pikachu!

Dagens antrekk.

Topp og cardigan: H&M
Hårband: Indiska
Tights: Cubus
Smykke: Det kjære, heimelaga TWS-smykket mitt!

september 18, 2009

Trondheim

Sikkert lite interessant innlegg, men tenkte eg skulle skrive litt om kva eg har gjort på hittil i Trondheim.

I går starta me rundt klokka fire, og me var framme i halv-ti-tida. Grei nok biltur. Sjølvsagt kjedeleg, men det går greitt med Jack White og ymse andre geniale musikarar.

Framme i Njords Veg slappa me av, fekk i oss litt mat og eg pusla litt med nabbi (har laga eit peace-merke og ein Pikachu). Dei skal blir kjempekule smykke! Skal legge ut bilete seinare.

I dag stod eg opp i ti-tida. Helst skulle det vore tidlegare, syns mamma, men då sa eg berre “Ka e vitsen me å ha fri frå skulen når e må stå opp klokka ni!?”. Då let ho berre att døra. Etter ein dusj og ein kjapp frukost (ein liten yoghurt. Har aldri vore flink i å finne mettande mat), drog vi til Ikea ein tur. Der kjøpte eg meg nabbiperler og -brett, og mamma og pappa kjøpte nokre småting.
Så drog me inn i byen, der eg fekk shoppa eindel. H&M, Cubus, BikBok osv. er genialt! Kjøpte meg mykje fint, og mamma spanderte eindel på meg også. Det var lenge sidan sist. Me var også på Indiska ein tur, også kjøpte eg meg litt forskjelleg på Accessorize.
Eg kan leggje ut bilete enten i morgon eller når eg kjem heim til Geiranger.

I morgon har eg og Martin tenkt oss på Fretex (om han ikkje må vere på dugnad alt for lenge), også skal me vel på kino ein tur. Må vel gå oss ein liten tur også, og elles berre tilbringe så mykje som mogleg tid med brørne mine. Veit aldri kor lenge det er til eg ser dei neste gong, dessverre.